Reinsmelding er kartappen for villreinjegerar. Sjå kvar andre har observert rein dei siste dagane, og meld frå sjølv direkte frå jaktmarka — med flokkstorleik, retning og rørsle.
Appen dekkjer alle dei 24 villreinområda i Noreg, pluss Rendalen.
KART OG OBSERVASJONAR
• Ferske observasjonar på topografisk kart frå Kartverket — fargen viser kor gamal meldinga er
• Registrer flokkstorleik, retning og rørsle (beitande, i trekk, flukt) på sekund
• Kommune, næraste stad og topp, og vêret for kvar observasjon
• Stem opp gode meldingar, stadfest at du såg same flokken, og kommenter
• «Høyrt på fjellet»: tips og rykte frå jaktmiljøet, vurderte av moderator
UTE I MARKA
• Verkar utan dekning — observasjonar blir sende når du er på nett att
• Last ned kartet for området på førehand
• Følg posisjonen din live med retningskjegle, og avstandsringar på 100 til 400 m
• Private pinnar (sekk, felt dyr, leirplass …), ruter og sporlogg
• Naviger til ein pin, ein observasjon eller eit punkt i kartet
• «Vis posisjonen min»: koordinatane dine stort, i formatet naudetatane brukar
VÊR OG TERRENG
• Kartlag med vind og nedbør time for time dei neste to døgna
• Vêrmelding for jaktterrenget, lagra så du ser ho utan dekning
• Eigedomsgrenser og vald/jaktfelt — og last dei ned som GPX til GPS-en
FØR OG ETTER JAKTA
• Jegarhandboka: råd for nybyrjarar, jaktskikk, slakting og reglar
• Pakkliste med vektkalkulator
• Skyss: finn eller tilby plass inn i villreinområdet
VARSEL
Følg områda dine og få push-varsel eller eit dagleg e-postsamandrag når det kjem nye observasjonar.
OMSYN TIL VILLREINEN
Reinsmelding skal vere nyttig for jegerar utan å vere ei ulempe for dyra. Difor kan posisjonar visast grovkorna for andre, og ferske meldingar kan kome ut med litt forseinking. Moderatorar held oppsyn med innhaldet.
Alle kan sjå observasjonar utan konto. Logg inn med Apple, Google, Facebook eller e-post for å registrere, kommentere og bruke dei personlege verktøya.
Reinsmelding er laga av Bitit AS. Personvern: https://reinsmelding.no/personvern